Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Gitarist og komponist Steinar Karlsen har åtte kritikarrosa album i bagasjen. Når han no gjestar Statsraaden Bar får du høyre musikk frå både det rykande ferske albumet "Doggerland" og tidlegare plater. Saman med Morten Skage og Kåre Opheim, får publikum verta med inn i eit stemningsfullt univers med hint til folkemusikk, jazz og litt ørkenrock.
Len deg tilbake, nyt og bli med på reisa.
Steinar Karlsen: gitar og pedal-steel Morten Skage: bass Kåre Opheim: trommer
Vert arrangert med turnèstøtte frå SOMU.
Meir info om DOGGERLAND:
Stemningsfull reise gjennom nordens Atlantis
Der Nordsjøen ligg i dag, låg ein gong Doggerland. Eit frodig landskap, med eit rikt dyreliv. Då isen smelta, steig havet. For rundt 8000 år sidan forsvann siste rest av Doggerland i bølgjene.
Den eventyrlege historia om Nordens Atlantis, sette fantasien i sving hos gitaristen Steinar Karlsen. Slikt blir det musikk av. 11 melodiøse spor med instrumentalmusikk tar lyttaren med på ei reise til landet under havet.
Akkurat som god filmmusikk, manar låtane fram bilder av det mystiske Doggerland. I det blåe mørkeret finst også lyse stemningar, malt med gitaren som pensel. Med hint til blues og country, folkemusikk og rock, skaper Karlsen sin særeigne musikalske palett.
Platemeldingar:
“Doggerland is filled with wondrous melodies filled with light and shade, somber yet uplifting melodies that provide further insights into the wonderful guitar skills and compositions of the always brilliant Steinar Karlsen”.
- Robert Silverstein (Roots Music Report, US)
--
“Steinar Karlsen har teke endå eit steg med den nye plata Doggerland.”
- Lars Mossefin, Salt peanuts
--
“Doggerland gjev alt ein ny dimensjon.”
- Martin Malkenes, Firdaposten