A Concert in December - Bergen

Arrangementsinformasjon

Alternativ julekonsert i Bergen: "A Concert in December - songs of Faith, Love and Christmas"

Konsertstart kl. 20.00. 

For fyrste gong i Bergen!

Gjennom ti år har gode musikarvener hatt gleda av å invitere til den alternative julekonserten "A Concert in December - songs of faith, love and Christmas"» i Stord kyrkje. Her tolkar gjengen sine favorittsongar av artistar som Nick Cave, Sigur Ros, Johnny Cash, Tom Waits, Elvis, Arcade fire, Radiohead, Sufjan Stenvens,  Midnight Choir, Spain, Low, i tillegg til fleire tradisjonelle engelske julesongar. No tek dei konserten til Bergen for fyrste gong og håpar dette er ein konsert som også vil falle i smak hjå bergensarane. 

Julekonserten har tidlegare får terningkast fem i Haugesunds Avis og Sunnhordland sine meldarar har mellom anna skreve: "Dette var ei så gild song- og musikkstund at me på vegner av oss alle i den nær fullsette kyrkja fremjar forslag om at denne konserten blir like fast og årleg som sjølvaste julekvelden", "Frysningar som varma", "Sterke kjensler i Stord kyrkje". "Det vart ein konsert fylt med trøkk, sår kjensle og kjensler som gav rom for ettertanke og glede i førjulstida. Då siste tone var spelt reiste publikum seg momentant til ståande applaus, og det gjorde det heilt klart at dette er og blir ein svært velkommen ny tradisjon for stordabuen" 

Besetninga består i år, som i fjor, av Haakon Steinar Vatle (vokal, gitar), Roald Kaldestad (gitar/mandolin/banjo, vokal), Bjørn Bunes (tangentar, vokal), Frode Hammersland (bass, vokal) og Tarald Tvedten (trommer).




statsraaden
bergen
concertindecember
julekonsert
alternativ
jul
roaldkaldestad
haakonvatle
bjørnbunes
tvedten
tarald
frode
hammersland
vatle

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert