Nils Horn Plateslipp @Statsraaden Bar

Arrangementsinformasjon

Nils Horn

Plateslepp og konsert på Statsraaden Bar & Reception 

Litt om Artisten

Nils Horn starta som frontfigur i Superbravo. Han har sidan gjeve ut EP`en ..then she saw everything..  med m.a singelen «This House», som har vore spelt ein del over eteren, men alt det der er lenge sidan..

No satsar han på nynorsk!

 

Nokre singlar vart gjevne ut i 2017 (digitalt tilgjengeleg på f.eks. Spotify o.s.v. ) og i november kjem debutalbumet «Sjå på meg no». Horn har med seg fullt band og byrjar vestlandsturne med plateslepp på heimstaden Stord før den fortsett i Bergen. Her vert plata teke med på Stastraaden Bar lørdag 24 november. 

Horn har sin musikalske ryggmarg duppa i folk-musikk frå 60- og 70-tallet, men resten av det musikalske uttrykket er nærare indie-sjangeren der synth og el-gitar får markere seg i lydbilete. Tekstane er samtidig utfordrane og nære med framføring på Stord-dialekt. Alt dette dannar ein eigenart du sjeldan finn sidestykke til. Kall det gjerne Vestlandsk-Indie!    

Velkommen til ein kalddusj frå Stord!

Ansvarsfraskrivelse

Solgte billetter refunderes ikke.