Presence Live

Arrangementsinformasjon

Presence Live:

Presence Live vil feire den første offisielle sommerdagen med live musikk på Statsraaden.

Ein opptreden med både organisk og elektronisk musikk samansveisa og framført av tre ulike artistar. Artistane blir akkompagnert av eit liveband gjennom heile framsyninga. Bli med oss på konsert ved Statsraaden 1. Juni og nyt ein bit av sommaren med god musikk.

Blasfemisk Eksplosjon:

Blasfemisk Eksplosjon var i 2010 berre eit fjernt ynskje hos Johannes Vestrheim om å hente Jamaicanske vibbar heim til Noreg og uttrykke det gjennom eige språk.
Han er no ein folkekjær artist som har utmerka seg som ein lokal helt med sin sjarmerande dialekt og ærlige uttrykk på scenen. Han byr på ein opptreden av høg klasse innan norsk Reggae og er definitivt vestlandets største initiativ innenfor sjangeren.

Musikkvideo:

https://www.youtube.com/watch?v=r5zcUg3BRw4

Jim Grim:

Er ein eklektisk musikar som framfører eit fortryllande sett ved hjelp av MIDI kontrollere, synthesizers, El piano, gitar, turntables og Fruityloops live. Opptreden begir publikummet ut på ei auditorisk og visuell reise. Musikken vil bestå av eit selektivt utval av hans nyare repertoar, samt noko gamalt.

Musikkvideo:

https://www.youtube.com/watch?v=uBhtQPtveh8

https://www.youtube.com/watch?v=vT_8f4XZzpE

https://vimeo.com/114432845

SHN:
Er ein lidenskapeleg og energisk karakter med stort potensiale for å gå viral. SHN synger og rapper primært på svensk då han er frå Helsingborg, men synger også noko på engelsk. Med stort fokus på positive og konstruktive tekster stråler denne mannen virkelig på scenen. Han har ein fremragende sans for melodi og karisma, så vi lover ein inkluderande opplevelse når SHN framfører.

Musikkvideo:
https://www.youtube.com/watch?v=XlYd4q3sAZA

presence
live
jimgrim
shn
blasfemisk
eksplosjon
nynorskreggae

Restriksjoner

20 års aldersgrense

Ansvarsfraskrivelse

kjøpte billetter refunderes ikke!