Foreningen for By og Bygd

page view image
Arrangementsdato

torsdag 30 okt 2025 20:00

Slutter torsdag 30 okt 2025 22:30
BESTILL

Tilgjengelige varer

ticket item
Foreningen for By og Bygd
event image

Arrangementsinformasjon

Foreningen for By og Bygd: Vegen gløymer ikkje deg


Etter sju år med konsertar opp og ned langs vestlandskysten og ut og inn av fjordarmane, er Foreningen for By og Bygd endeleg klar med si fyrste plate. Bandet har med sin lyttevenlege country på nynorsk blitt ein publikumsfavoritt vestpå, og no er det på tide å vise resten av landet kva som rører seg i countryhovudstaden Bergen. 


Songane på “Vegen gløymer ikkje deg” fortel om kvardagsliv og kjærleiksliv, om ferjer og fjordar, om usynlege menn og om svært synlege kvinner. Det er ti eigne songar og to gjendiktingar på plata. Dolly Parton er berre éi av mange legender som har sunge “Silver Dagger”. No finst songen på norsk og har fått tittelen “Børsa”. 


Namnet “Foreningen for By og Bygd” har bandet henta frå den fyrste homoorganiseringa i Noreg. Med denne hyllesten til pionerane i Noreg utforskar bandet korleis ein veldig streit og kjønsstereotyp sjanger som country blir når ein vender opp og ned på kva som er det sjølvsagte. Naturlegvis kan countryen famne om to menn på ein vestlandsk fraktbåt med mykje usagt seg imellom. 


Medlemene Jens Kihl (vokal), Helene Nilsen (vokal og akustisk gitar), Endre Aasebø (vokal og el-gitar), Lars Korff Lofthus (vokal og kontrabass/el-bass) og May Frida Bosch (slagverk) har lang fartstid frå musikk, kunst, skriving og scene, og bruker bakgrunnen sin både i tekst og framføring


Restriksjoner

20 års aldersgrense

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke

Organizer
Statsraad Lehmkuhl