Sigrid Moldestad Tidenes veg-turne 2026
nytt album og bandturne for Sigrid Moldestad.
I mars 2026 kjem Sigrid med sitt niande (!) soloalbum og med det turne! Ho har siste året jobba mykje solo med akustiske konsertar, og ser difor ekstra fram til å dra på tur med musikarane ho har jobba med i mange år. Moldestad er kjend for si fortellerglede og kommunikasjon med publikum. Musikalsk spenner det frå det ville til det vakre. Musikarane i bandet pregar musikken med sine bakgrunnar i ulike genrer; visepop, blues, rock og kyrkjemusikk. Saman skapar dei eit musikalske overskot som rører.
Det nye albumet er forankra i både naturen ho kjem frå, bygdeliv, samliv, foreldreskap og undringar kring dei store spørsmåla. Fjella lurer i bakgrunnen og kjærleiken til folkemusikken ho kjem frå er aldri langt unna. Saman med sitt, etterkvart veletablerte band og kollektiv, skapar ho musikalske lydspor til historiene med energi, humor og klump-i- halsen stemning.. Genreleikent og velkjent for dei som har følgt Sigrid og bandet ei stund. Turneen startar 13.mars med musikalske fortellingar og eit sterkt scenisk nærvær. Dei nye songane saman med høgdepunkt frå heile karrieren.
Sigrid Moldestad Band: Sigbjørn Apeland (tangenter), Kåre Opheim (trommer), Jørgen Sandvik (gitarar), Anders Bitustøyl (bass), Roald Kaldestad (gitarar)
Restriktioner
20 års aldersgrense etter kl. 19.00
Ansvarsfriskrivning
kjøpte billetter refunderes ikke.