Annlaug Børsheim Band

Med eit stjernelag av eit band, beståande av Linn Frøkedal, Pedro Carmona-Alvarez og Kåre Opheim

page view image
Evenemangsdatum

lördag 13 sep 2025 21:00

avslutas lördag 13 sep 2025 23:30
Beställ

Tillgängliga artiklar

Annlaug Børsheim Band
event image

Evenemangsinformation

Annlaug Børsheim slepper plata Spring før sola står opp på Apollon Records 5.september, og det skal feirast med konsert og sleppfest på Statsraaden laurdag 13.september!


Musiker og låtskrivar Annlaug Børsheim kjem frå Ulvik i Hardanger, men har budd i Bergen i snart 20 år. Nokon kjenner henne kanskje som hardingfelespelar eller som ein av frontfigurane i Frode Grytten Beat Band. Ho kjem frå folkemusikken og er utdanna hardingfelespelar, men spelar fleire andre instrument, og opererer innan ei rekke ulike sjangrar og sceniske uttrykk.

På Spring før sola står opp får ein høyre Annlaug som låtskrivar og multiinstrumentalist. Det er i hovudsak hennar eigen musikk og tekst, men også nokre tradisjonelle songar og ein tekst av Hilde Myklebust. Ho har samarbeida tett med musiker og forfattar Pedro-Carmona Alvarez som har vore både produsent, musiker og tekniker, og stått for miksen av plata.

Til Statsraaden har ho med seg eit stjernelag av eit band som består av Linn Frøkedal, Pedro Carmona-Alvarez og Kåre Opheim.




Fyrste singelen frå plata, «Med sorg og salte tårer» fekk god mottaking og fleire meldingar. Mode Steinkjer i Dagsavisen gav den 5 stjerner og skreiv dette i si melding, 04.04.25:

Den som har savnet bindeleddet mellom Joy Division, Tom Waits og norsk folkemusikk, vil bli blåst av banen når Annlaug Børsheim og et mollstemt musikerlag gir ut den tyngste, svarteste og mest bunnløst triste sangen du kan tenke deg. Dette er så mørkt og tungt og trist at det knapt er skrevet noe mer hjerteskjærende, men vokalen og musikken er likevel lysende, og Børsheim har virkelig funnet en ny åre.

Lytt til singelen her

Restriktioner

20 års aldersgrense (Vergeordning tilgjengelig for barn over 13 år)

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billetter refunderes ikke

Arrangör
Statsraad Lehmkuhl