Språk
Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Atle Oen inviterar til ein boosterdose stemning, speleglede og fengande americana på Statsraaden! Med tre album og ein EP i bagasjen tek artisten og låtskrivaren busett i Nordfjord med seg band og musikk tilbake til Bergen. Saman med eit særs kompetent knippe musikarar, inkludert Hege KL Naustdal på vokal, serverer dei alt frå potent countryrock til ballader, duettar og honky tonk.
Atle Oen har vore nominert til årets nykommar av NRK Sogn og Fjordane og har fleire av låtane sine spelt jamleg på NRK radio. Han har spelt konsertar på Malakoff Live Laga, Fjordblues, Bergen Bonanza, Norsk Countrytreff, Stryn visefestival og Gymmen Americanafestival.
I oktober i haust kom albumet «Safe at Sea», som fekk gode tilbakemeldingar frå anmeldarar:
“Platen er solid som helhet, men det er altså noen bængers som virkelig må trekkes frem. Først og fremst “Trouble in Paradise” og “Pretty Please”. Utrolig fengende melodier, og låter jeg ser for meg er svinegøy å spille live. De up-tempo låtene traff meg veldig godt, og også “Leave It By The Door”, “Be Still” og “Crash and Burn” river godt i rockefoten. Men det hjelper ikke med fengende melodier i denne sjangeren, om ikke tekstene funker. Og det gjør de så til de grader.”
Dust Of Daylight
Band
Atle Oen: Gitar og vokal
Hege Lillestøl Naustdal: Vokal og perkusjon
Dan Aasebø: Gitarar
Steinar Karlsen: Gitarar/lap steel
Stig Hegrenes: Trommer
Raimund Hoclas: Bass
Carl-Henrik Buschmann: Keys